Faktaboks

Konstantinos Mitsotakis
Fødd
18. oktober 1918, Khaniá, Kreta
Død
29. mai 2017
Konstantinos Mitsotakis, 1992
Konstantinos Mitsotakis, 1992
Av /𝒲.
Lisens: CC BY SA 2.0

Konstantinos Mitsotakis er ein gresk politikar og jurist. Han var statsminister i Hellas frå 1990 til 1993.

Under den andre verdskrigen var Mitsotakis aktiv i motstandsrørsla på Kreta. Etter krigen hadde han fleire regjeringspostar som liberal og sentrumspolitikar.

Mitsotakis tilbrakte nokre år i eksil frå 1967. Han knytta då nær kontakt med Konstantinos Karamanlis. I 1977 grunnla han det nye liberale parti, men gjekk over til Karamanlis sitt konservative parti Nytt demokrati.

Mitsotakis var utanriksminister frå 1980 til 1981 og igjen ein kort periode i 1992. Han var partiformann i Nytt demokrati frå 1984 til 1993.

Konstantinos Mitsotakis er nevø av tidlegare statsminister Eleftherios Venizelos og far til politikar Dora Bakoyannis.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg