Nytt demokrati, gresk politisk parti (konservativt). ND blei skipa i 1974 etter juntaens fall av Konstantinos Karamanlis. Karamanlis heldt fram som partileiar frå 1974 til 1980.

Leiar av partiet frå januar 2016 er Kyriakos Mitsotakis.

Nytt demokrati deltok for første gong i parlamentsvalet i 1974 og blei største parti med over 54 prosent av røystene. Dei neste åra stadfesta partiet sin posisjon som eit av landets største. Frå 1977 og fram til 2012 veksla Nytt demokrati og sosialistiske PASOK på å vere Hellas' største parti.

Ved valet i mai 2012 oppnådde partiet sitt lågaste resultat sidan skipinga med 18,85 prosent av røystene, men ved nyvalet i juni same år steig oppslutninga til rundt 29,7 prosent. Det gjorde at ND heldt posisjonen som største parti med 129 av 300 parlamentsmedlemmer. Etter fleire mislukka forsøk på å danne regjering, gjekk ND inn i eit regjeringssamarbeid med det rivaliserande partiet PASOK.

I desember 2014 lyste statsminister Antonis Samaras ut tidleg presidentval, men etter tre runder i parlamentet blei det klart at han ikkje klarte å samla nok røyster for sin presidentkandidat. Samaras blei difor tvungen til å gå av og det blei lyst ut nyval. Ved parlamentsvalet i januar 2015 fekk Nytt demokrati kun 27,81 prosent av røystene og 76 parlamentsmedlemmer. Partiet blei med dette redusert til landets nest største parti etter det venstreradikale SYRIZA.

I Europaparlamentsvalet i mai 2014 fekk ND 22,75 prosent av røystene og fem medlemmer i Europaparlamentet.

Tidlegare partileiarar er Georgios Rallis (1980-1981), Evangelos Averoff (1981-1984), Konstantinos Mitsotakis (1984-1993), Militiadis Evert (1993-1997), Kostas Karamanlis (1997-2009, nevø av Konstantinos Karmanlis), Antonis Samaras (2009-2015), Vangelis Meimarakis (2015) og Yiannis Plakiotakis (2015-2016, interrim).

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.