PASOK, gresk politisk parti. Den panhellenske sosialistrørsla blei skipa av Andreas Papandreou etter juntaens fall i 1974.

Mellom 1977 og 2012 var PASOK og det rivaliserande partiet Nytt demokrati skiftevis i regjering som dei to største greske partia.

PASOK deltok for første gong i valet i november 1974 og fekk her 13,6 prosent av røystene. I 1981 fekk PASOK si største oppslutning nokosinne med rundt 48 prosent av røystene og danna med dette den første sosialistiske regjeringa i Hellas sidan 1924.

Ved parlamentsvalet i juni 2012 fekk PASOK knappe 12,3 prosent av røystene og 33 av 300 medlemmer i parlamentet. Etter lengre forhandlingar blei PASOK med i ei koalisjonsregjering med Nyttdemokrati og Demokratiske Venstre (DIMAR). DIMAR trakk seg seinare frå regjeringssamarbeidet.

PASOK heldt fram med å falla på meiningsmålingane, og ved parlamentsvalet i januar 2015 fekk partiet sitt dårlegaste resultat sidan skipinga med kun 4,68 prosent av røystene og 13 av 300 parlamentsmedlemmer. 

I Europaparlamentsvalet i mai 2014 fekk PASOK rundt 8 prosent av røystene og 2 medlemmer i Europaparlamentet.

PASOK er medlem av Sosialistinternasjonalen, som i dag blir leia av Georgios A. Papandreou, sonen til Andreas Papandreou.

Partileiar sidan juni 2015 er Fofi Gennimata.

Tidlegare leiarar er Andreas Papandreou (1974-1996), Kostas Simitis (1996-2004), George Papandreou (2004-2012) og Evangelis Venizelos (2012-2015).

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.