Antonis Samaras, gresk politikar (konservativ), utdanna samfunnsøkonom. Statsminister i Hellas frå 2012 til 2015. Partileiar for Nytt demokrati frå 2009 til 2015.

Antonis Samaras var medlem av partiet Nytt demokrati i perioden 1977 til 1993 og igjen frå 2004. Han er tidlegare finansminister (1989), utanriksminister (1989-1992) og minister for kultur og sport (2009). 

Samaras blei i 1992 tvungen til å gå av som utanriksminister grunna namnestriden rundt Makedonia. Han starta då det nye konservative partiet Politisk vår (Politiki Anixi) som han var partileiar for fram til 2004.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.