SYRIZA, koalisjonen av det radikale venstre, er eit gresk sosialistisk parti skipa i forkant av parlamentsvalet i Hellas i 2004. Partiet var opprinneleg ein koalisjon av radikale parti på venstresida.

Faktaboks

Også kjend som

gresk Συνασπισμός Ριζοσπαστικής Αριστεράς (Synaspismós Rizospastikís Aristerás), «Koalisjonen av det radikale venstre»

SYRIZA stilte for første gong til val i 2004. Her fekk partiet 3,3 prosent av røystene og seks parlamentsmedlemmer. Partiet blei fort eitt av dei største politiske partia. Ved parlamentsvalet i mai 2012 blei SYRIZA det andre største partiet med 16,8 prosent av røystene. Ved nyvalet i juni same år steig prosentandelen til 26,9 prosent og 71 av 300 parlamentsmedlemmer.

I Europaparlamentsvalet i mai 2014 blei SYRIZA det største av dei greske partia med nær 26,6 prosent av røystene og seks medlemmer i Europaparlamentet.

SYRIZAs store gjennombrot kom ved parlamentsvalet i januar 2015. Her fekk partiet 36,34 prosent av røystene og 149 av 300 parlamentsmedlemmer. Partiets leiar sidan 2008, Alexis Tsipras, blei valt inn som Hellas' yngste statsminister på 150 år.

Grunna usemje om Hellas' tredje låneprogram (sjå gjeldskrisa i Hellas) gjekk 25 av SYRIZAs parlamentsmedlemmer ut av partiet den 21. august 2015 for å starta eit nytt parti, Folkeleg samling (Laïkí Enótita). Folkeleg samling blir leia av tidlegare energiminister Panagiotis Lafazanis. Dette skjedde dagen etter at statsminister Alexis Tsipras trakk seg av di han hevda han ikkje lenger hadde støtte i mandatet han fekk ved valet i januar 2015.

Nytt val fann stad den 20. september 2015, og her sikra partiet nærare 35,5 prosent av røystene. Tsipras fekk med dette mandat til å tre inn i sin andre periode som statsminister.

Europaparlamentsvalet i mai 2019 endte i tap for SYRIZA med ein nedgang på 2,8 prosent i Hellas. Statsminister Alexis Tsipras valte difor å lyse ut nyval. Det ekstraordinære parlamentsvalet fann stad 7. juli 2019. SYRIZA vann her 31,53 prosent av røystene og 86 av 300 seter i parlamentet. SYRIZA mista med dette fleirtalet til opposisjonspartiet Nytt Demokrati.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg