Nidaros - avis

Nidaros, tidligere dags- og ukeavis, grunnlagt 1902 av Haakon Løken, tidligere redaktør av Dagsposten. Avisen var politisk tilknyttet partiet Venstre. På grunn av navnestriden i Trondheim, hvor avisen gikk inn for Nidaros som byens navn, fikk den en økonomisk knekk. En total annonseboikott i 1929 skapte en krise som den aldri helt overvant. I 1957 ble det forsøkt å fortsette utgivelsen med en ukeavis, Søndags-Ekspressen, men heller ikke den lyktes.

Utkom fra 1959 som ukeavis under det gamle navnet. Utkom fra 1980 ut to ganger ukentlig og fra 1987 tre ganger ukentlig. Etter konkurs 1988 ble avisen rekonstruert under navnet Trondheimsavisa. Avisen ble nedlagt 1991.

Historie

Nidaros i Trondheim var i sine glansdagar ei levande og populær avis, med nokre av dei fremste forfattarane i Noreg som bidragsytarar. Men namnestrid og krig svekte avisa så mykje at ho ikkje kunne bergast, sjølv etter gjenopplivingsforsøk.

Fram til jubileumsåret 1930 var avisa Nidaros den største i Trondheim gjennom mange år, med eit opplag på mellom 20 000 og 30 000. Dette var byen si avis, men også ei leiande Venstre-avis som raskt blei ein opplagssuksess.

Nidaros blei skapt i strid i 1902 og tona ut i 1957 som taparen etter fire års stans under den tyske okkupasjonen, på toppen av tilbakeslaget etter striden om namnet på Trondheim i 1929. Avisa heldt på Nidaros-namnet og utløyste ein lavine av forakt og truslar om annonseboikott og abonnementsoppseiingar. Redaksjonen blei utsett for hærverk. Avisa fekk i 1920-åra ein konkurrent i Adresseavisen om morgonavismarknaden. Under krigen heldt Adresseavisen fram med å kome ut og styrkte posisjonen sin ytterlegare. Då euforien i etterkrigstida var over, måtte Nidaros gi opp drifta.

Det var ein erfaren avismann og engasjert politikar som etablerte avisa. Håkon Løken var utdanna jurist, men hadde 20 år bak seg som medarbeidar og redaktør i Dagsposten i Trondheim då han hamna i strid med eigarane av avisa. Konflikten enda med at Løken forlét Dagsposten og danna Venstre-avisa Nidaros. Namnet blei valt etter ein konkurranse mellom lesarane. Storparten av medarbeidarane i Dagsposten blei med over i den nye avisa.

Redaktør Løken kasta seg ut i dei politiske stridane både lokalt og nasjonalt. Han engasjerte venen sin, Bjørnstjerne Bjørnson, kjempa for den tekniske høgskulen til Trondheim og elektrifiseringa av sporvegane i byen, og han var for åttetimarsdag og imot unionen med Sverige. Avisa var i utprega grad eit personleg og privat føretak. Løken fekk inn i statuttane at han ikkje kunne avsetjast.

Avisa gav god plass til underhaldningsstoff, sport og kultur, og ho fekk braksuksess med Johan Falkbergets Bør Børson, som gjekk som føljetong etter første verdskrigen. Andre kjende journalistar i avisa var Halldis Stenhamar og forfattaren Peter Egge. Løken gjekk av i 1909, og mellom dei seinare redaktørane i avisa må vi nemne Olav Røgeberg og Kåre Fasting. Gunnar Garbo blei den siste redaktøren i dagsavisa Nidaros. Han fekk, svært urettferdig, skulda for at avisa måtte strekkje våpen i 1957. Han begynte å gi ut ei vekeavis, Søndagsekspressen, og med varierande suksess kom denne avisa ut éin og to gonger i veka fram til 1991, dels under namnet Nidaros. Men i sine glansdagar var Nidaros ei av dei mest vitale avisene i landet og eit engasjert organ for stiftsstaden og trøndelagsbygdene.

Opplag

År Opplag
1920 17000
1932 14000

Fakta

  • Fyrste nr. 1.5.1902 – Foreløpig siste nr. 17.4.1941
  • Fyrste nr etter krigen: 14.5.1945 – Siste nr. 28.1.1957

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Per Christiansen og Hermann Hansen (red.): – i tida – Trondhjems Journalistforening 1902–2002. Trondheim 2001
  • Hermann Hansen og Per Kristian Orset: Mellom linjene. Trondheimsavisene under krigen. Trondheim 1985

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg