Faktaboks

Matthias Krogh

Matthias Bonsach Krogh

Fødd
4. oktober 1754, Vadsø
Død
2. september 1828, Belsvåg i Alstahaug, Nordland
Verke
Geistlig
Familie

Foreldre: Betjent, senere fogd Troels Krog (1715–1803) og Else Marie Bonsach (død 1793).

Gift 2.1.1781 med Nicoline Antonette Møldrup (3.6.1759–15.2.1838), datter av sogneprest Lars Hanssen Møldrup (1724–89) og Sophie Buchhof (1725–98).

Farfars tremenning til Gina Krog (1847–1916); farmors far til Johan Throne Holst (1868–1946).

Matthias Bonsach Krogh
Av /Trondheims byarkiv.
Lisens: CC BY 2.0

Matthias Krogh var ein norsk prest og politikar. I 1804 vart han utnemnd til biskop i det nyoppretta bispedømet for heile Nord-Noreg, der han var kyrkja sitt overhovud i 25 år.

Familien flytta til Bø i Vesterålen i 1758, og han fekk privatundervisning heime til 1768. Som 14-åring drog han til København, der han tok examen philosophicum i 1768 og teologisk embetseksamen i 1778. Frå 1782 var han prest på Senja, i Lofoten og i Trøndelag, og då Nordland, Troms og Finnmark vart skilde ut som eige stift (Nordlandene og Finnmarken stift), vart han biskop for heile landsdelen. Han sat i embetet fram til 1828.

Krogh var ein frilynt teolog, som ville mildne den pietistiske kristendomstolkinga i samtida. På det verdslege planet ivra han for betre skulestell, for utdanning av lærarar og for at samiske born skulle få undervisning på morsmålet. Han stod på for å få i gang ein lærarskule i Troms, og han var med i planlegginga av universitetet i Oslo. For å styrkje næringslivet i landsdelen arbeidde han for å avskaffe handelsmonopolet til bergenskjøpmennene. Målet var å få ein eigen kjøpstad i Nordland.

Samfunnsengasjementet tok rikspolitiske former då han vart vald inn som representant for Nordland til Stortinget i 1814. Den viktigaste saka var nettopp kravet om eigen kjøpstad. Løyvet kom i 1816. Då vedtok Stortinget at Bodø skulle få bystatus.

Krogh sin samfunnsgagnlege innsats vart heidra med Dannebrogordenen i 1810 og den svenske Nordstjärneordenen i 1817. Lokalt er det reist ein minnestein over han i Bø.

Opplysningsmannen Krogh

I studietida i København vart Krogh fengt av ideane i opplysningstida, med tru på ein kristendom som kunne foreinast med framsteg og fornuft. Denne visjonen følgde han resten av livet. Tilbake i Nordland var det nok å ta fatt på, og han byrja med skulen. Lærarane var ofte uskulerte menn med lav status, og undervisninga ofte elendig. Skulle fiskarbøndene sjå verdien av skulegang, måtte lærarane verte betre, og for Krogh vart det ei livslang oppgåve å styrkje lærarutdanninga. For å fremje lesedugleik og leselyst hos born og vaksne baud han prestane å lage boksamlingar, og han oppretta sjølv eit bibliotek på Alstahaug.

Krogh sin innsats for lærarutdanninga nådde ein milepåle i 1826. Då vart Trondenes Seminarium etablert, som den første offentlege lærarskulen i landet. Dei ni studieplassane vart fordelte mellom prostia i bispedømet, og samane hadde eigen kvote. Krogh var oppteken av samane sin situasjon.

Biskopane hadde stor innverknad på val av undervisningsspråk, og forgjengaren hans hadde køyrt ei hard fordanskingslinje. Krogh reagerte mot dette og ville innføre samisk i skulen igjen. Språkstriden vart ikkje løyst med det første, men utdanning av samiske lærarar var eit steg på vegen.

På nasjonalt nivå ivra Krogh for å skipe eit eige norsk universitet. Det ville skape vitskap og vokster, og den jordnære biskopen meinte at også jordbruk og fiske måtte verte universitetsfag. Like viktig var det at eit nasjonalt universitet ville styrkje den nasjonale sjølvtilliten. Han var med i ein konkurranse om dei beste universitetsplanane, med eit forslag som vart nummer to. Då Universitetet i Oslo (Det Kongelige Frederiks Universitet) vart oppretta i 1811, samla han inn pengar til etableringa frå bispedømet i nord.

Presten og politikaren

Krogh var av embetsslekt, og sjølv var han den høgaste geistlege i Nord-Noreg, men solidariteten hans låg hos vanlege folk. Som teolog vende han seg bort frå pietismen og mot ein meir livsglad kristendom. Han meinte at den dystre salmeboka til Thomas Kingo måtte skiftast ut med lysare salmar, og at den strenge konfirmasjonsundervisninga måtte reformerast. Alle skulle forstå at Gud er god, og at åndeleg og jordisk utvikling er eit Guds gode.

Han var ikkje redd for å tale imot styresmaktene. I krigsåra 1807–1811 var levekåra harde. Folk døydde av svolt, og Krogh hjelpte dei med korn frå eige forråd. Samtidig kritiserte han hardhjarta futar og kjøpmenn som ikkje tok innover seg at folket svalt. I butikkane var det skort på det meste, men flust med brennevin, og han refsa kjøpmennene for at dei tok ågerprisar på matvarer og fiskeutstyr.

I 1814 vart Krogh vald som representant for Nordland til det første norske stortinget, 1815–16, og han nytta tida effektivt. Han var med i fleire komitear og fremja saker for både helsestell og skule. Mest påliggjande var det å sikre fleirtal for det gamle kravet om kjøpstadløyve til Nordland. Forslaget møtte mykje motbør, særleg frå Bergen-representantane, men i 1816 fekk Bodø bystatus. Nordland hadde fått sin første by.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Edvard Ruud: «Mathias Bonsach Krogh», i Bøfjerding ’95, Bø i Vesterålen 1995
  • K.J. Barlindhaug: Beretning om Tromsø offentlige lærerskole 1826–1926,

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg