Leiv Blakset

Faktaboks

Leiv Blakset
Født
28. desember 1928, Herøy, Nordland
Død
22. mai 2005
Leiv Blakset var gardbrukar, lærar og politikar. Han var stortingsrepresentant for Senterpartiet i Sogn og Fjordane frå 1985 til 1993.
Av /Stortingsarkivet/Scanpix.

Artikkelstart

Leiv Blakset var gardbrukar, lærar og Senterpartiet-politikar.

Leiv Blakset var fødd i Herøy i Nordland. Han voks opp på Nordfjordeid, men i 1946 flytte familien til Blakset i Stryn, der faren kom frå, og her vart Leiv gardbrukar. Han tok agronomeksamen i 1949. Han utdanna seg til lærar på Elverum offentlige lærerskole i 1966 og arbeidde seinare ved ulike skular i Stryn, frå 1977–1995 som rektor ved Blakset skule. I 1977 vart han ordførar i Stryn kommune, etter å ha vore varaordførar dei fire føregåande åra, og vararepresentant til Stortinget for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Han var medlem av fylkestinget 1979–1985. Frå 1985 til 1993 hadde han fast plass på Stortinget.

Blakset var medlem av både forsvarskomiteen, forbrukar- og administrasjonskomiteen og kyrkje- og undervisningskomiteen. Han var også ei tid medlem av den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen, og i 1987 var han norsk utsending til generalforsamlinga i FN i New York.

Han hadde ei rekkje andre offentlege verv og var særleg engasjert innanfor arbeid for fjordhesten, idrett og lokalhistorie.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg