Faktaboks

Jostein Fet
Fødd
10. september 1924, Sykkylven
Død
16. juli 2023, Volda
Jostein Fet, portrett
Jostein Fet, portrett
Av /Samlaget.

Jostein Fet var litteraturhistorikar, bokhistorikar og folkemusikar. Fet har forska på Sunnmøres kulturhistorie i vid forstand, men det er som literacy-forskar han har utmerka seg, med pionerarbeid om lese- og skrivekunne blant allmugen på Sunnmøre frå 1600-talet til ut på 1800-talet.

Barndom

Jostein Fet vaks opp på klyngetunet Fet i Velledalen som ligg i Sykkylven kommune på Sunnmøre. Foreldra hans la vekt på at han og dei sju syskena skulle få kunnskap om livet på garden og i bygda i tidlegare tider, og denne interessa dyrka han vidare som forskar. Frå barndomsheimen fekk han også med seg interesse for folkemusikk.

Karriere

Kong Harald og Jostein Fet
Høgskoledosent Jostein Fet hilser på Kong Harald. Fet mottok Kongens fortjenestemedalje i gull for ekstraordinær innsats i lokalpolitikk, institusjonsbygging, litteratursosiologi og innen folkemusikk.
Kong Harald og Jostein Fet
Av /NTB scanpix.

Fet tok examen artium ved Eids gymnas i Nordfjord i 1947 og vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1955. Hovudfagsoppgåva i norsk handla om forfattaren Olav Duun, men han studerte også historie og engelsk. Etter studiane underviste Fet ved Telemark landsgymnas i tre år.

I 1958 flytta han tilbake til Sunnmøre og vart lektor ved det som den gong var Volda lærarskule — ein av forløparane til Høgskulen i Volda. Fet var ein av pådrivarane for at Volda skulle få distriktshøgskule, og han vart undervisningsleiar då Møre og Romsdal distriktshøgskule starta opp i 1970. I 1988 vart han dosent i norsk språk og litteratur.

Fet var representant for Venstre i kommunestyret i Volda i perioden 1971–75. I dei første pensjoniståra frå 1990 til 2001 var Fet dessutan leiar for Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, som er plassert på Høgskulen i Volda.

Fet pensjonerte seg i 1990, og det var først som 71-åring at han slo gjennom som forskar med utgivinga av boka Lesande bønder i 1995.

Lese- og skrivekunne

Bokomslag, Lesande bønder
Bokomslag, Lesande bønder
Universitetsforlaget.
Bokomslag, Den gløymde litteraturen
Bokomslag, Den gløymde litteraturen
Samlaget.

Fet har endra norsk historieskriving på eit viktig punkt: Ved å gå gjennom meir enn 16.000 arveskifteprotokollar og anna kjeldemateriale har han dokumentert at norske bønder på 1700- og 1800-talet eigde bøker og var meir kunnige til å lese og skrive enn norske historikarar hadde hevda tidlegare. Desse forskingsfunna har han skrive om i hovudverket Lesande bønder (1995) og i oppfølgaren Skrivande bønder (2003), som begge har vorte viktige referanseverk i skandinavisk literacy-forsking.

Allmugens litterære liv var noko som hadde oppteke Fet i lengre tid. Allereie i boka Allmugens diktar (1987) om skulehaldar Niels Olsen Svee (1758-1789) frå Stranda skreiv Fet både om ulike litterære preferanser blant overklassen og allmugen og om bondeallmugens lese- og skrivekunne på 1700-talet.

Eit utspring frå arbeidet med Lesande bønder (1995) er også boka Eksetiana (2006), der Fet har laga ein nesten fullstendig oversikt over alt som vart trykt ved Aarflots Prenteverk på Ekset i Volda frå starten i 1809 og fram til 1935.

Eit seinare arbeid om litterære verk og skriftlege uttrykk på Sunnmøre, Stemmer frå ei fjern tid (2014), er delt i tre delar: Først omtalar Fet bøker som vart trykt for den europeiske eliten på 1500- og 1600-talet, men som likevel har vore i privat bondeeige på Sunnmøre gjennom fleire hundre år. Deretter skildrar han utydde teikn på ei sengebu frå Austefjorden og magiske formlar frå Hornindalen. Boka vert avslutta med eit utval handskrivne viser frå byrjinga av 1600-talet og fram til 1814.

Den siste boka hans, «Den gløymde litteraturen», vart utgjeve i 2015, og dette er ei forsetjing av forskinga hans om lese- og skrivekunne. I denne boka presenterer Fet 609 bøker og skrifter trykte før 1840 og som er i privat eige på Sunnmøre, for å vise kva som er igjen av den gamle bokverda i dag.

Stadnamn

Eit anna arbeid frå Fet, Sunnmørske tunnamn – individ, samfunn, landskap (2010), er ein omfattande studie av korleis dei sunnmørske gardstuna fekk sine namn. I boka viser Fet at tunnamna kan delast inn i sju grupper med kvar sine språklege, historiske og sosiale kjennemerke.

Folkemusikk

Fet byrja tidleg å spele fele og lærte slåttane etter dei gamle spelemennene i Velledalen. I 1993 tok han initiativet til å gjenreise Sunnmøre Spelemannslag i Volda.

Fet har skrive fleire bøker om folkemusikk og om utøvarar av folkemusikk. I boka Folkemusikken i Møre og Romsdal (1999) fortel han om rolla folkemusikken spela i folks liv. Boka inneheld eit rikt historisk materiale i form av notar, tekstar og informasjon om folkemusikkutøvarar.

Som leiar for Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal var Fet med på å bygge opp ei stor folkemusikksamling som inkluderer notar, lyd- og videoopptak.

Utmerkingar

  • 1999: Målprisen av Sunnmøre Mållag for framifrå nynorsk både i skrift og tale
  • 2004: Kongens fortenestmedalje i gull
  • 2004: Kulturprisen for Møre og Romsdal
  • 2006: Sunnmørspostens kulturpris
  • 2006: FoU-prisen ved Høgskulen i Volda
  • 2017: Æresdoktor ved Universitetet i Bergen

Bibliografi

  • Sunnmørsdiktarar 1600-1975: Eit diktutval med biografiar og bibliografiar (Det norske samlaget, 1977).
  • New Norse literature in English translation 1880-1982: A bibliography (Møreforsking & Møre og Romsdal distriktshøgskule, 1985).
  • Allmugens diktar: Niels Olsen Svee i norsk religiøs folkesong (Universitetsforlaget, 1987).
  • Helsetkalenderen: Skrivekunne i Volda på 1700-talet (Møre og Romsdal distriktshøgskule, 1993).
  • Lesande bønder: Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840 (Universitetsforlaget, 1995).
  • Folkemusikken i Møre og Romsdal (Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, 1999).
  • Skrivande bønder: Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850 (Samlaget, 2003).
  • Eksetiana: Aarflots prenteverk 1809-1935: Bibliografi og kulturhistorie (Samlaget, 2006).
  • Sunnmørske tunnamn: Individ, samfunn, landskap (Snøhetta, 2010).
  • Stemmer frå ei fjern tid: Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn: 1550-1814 (Samlaget, 2014).
  • Den gløymde litteraturen: Gamle bøker og skrifter i privat eige på Sunnmøre (Samlaget, 2015).

Kjelder:

  • Brandal, P.A. 2017: Jostein Fet æresdoktor ved UiB.
  • Gundersen, T.R. 2016: Bokstaver og bønder. Bokmagasinet/Klassekampen, 16.01.2016: 4-5.
  • Sande, Ø. 2014: Jostein Fet, Allkunne.no.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg