Jostein Fet, portrett av Kjetil Tandstad/Samlaget. Gjengitt med tillatelse

Jostein Fet er litteraturhistorikar, bokhistorikar og folkemusikar. Fet har forska på Sunnmøres kulturhistorie i vid forstand, men det er som literacy-forskar han har utmerka seg, med pionerarbeid om lese- og skrivekunne blant allmugen på Sunnmøre frå 1600-talet til ut på 1800-talet. 

Jostein Fet vaks opp på klyngetunet Fet i Velledalen som ligg i Sykkylven kommune på Sunnmøre. Foreldra hans la vekt på at han og dei sju syskena skulle få kunnskap om livet på garden og i bygda i tidlegare tider, og denne interessa dyrka han vidare som forskar. Frå barndomsheimen fekk han også med seg interesse for folkemusikk. 

Fet tok examen artium ved Eids gymnas i Nordfjord i 1947 og vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1955. Hovudfagsoppgåva i norsk handla om forfattaren Olav Duun, men han studerte også historie og engelsk. Etter studiane underviste Fet ved Telemark landsgymnas i tre år.

I 1958 flytta han tilbake til Sunnmøre og vart lektor ved det som den gong var Volda lærarskule — ein av forløparane til Høgskulen i Volda. Fet var ein av pådrivarane for at Volda skulle få distriktshøgskule, og han vart undervisningsleiar då Møre og Romsdal distriktshøgskule starta opp i 1970. I 1988 vart han dosent i norsk språk og litteratur.

Fet var representant for Venstre i kommunestyret i Volda i perioden 1971–75. I dei første pensjoniståra frå 1990 til 2001 var Fet dessutan leiar for Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, som er plassert på Høgskulen i Volda.

Fet pensjonerte seg i 1990, og det var først som 71-åring at han slo gjennom som forskar med utgivinga av boka Lesande bønder i 1995.

Bokomslag, Lesande bønder Universitetsforlaget. Gjengitt med tillatelse

Fet har endra norsk historieskriving på eit viktig punkt: Ved å gå gjennom meir enn 16.000 arveskifteprotokollar og anna kjeldemateriale har han dokumentert at norske bønder på 1700- og 1800-talet eigde bøker og var meir kunnige til å lese og skrive enn norske historikarar hadde hevda tidlegare. Desse forskingsfunna har han skrive om i hovudverket Lesande bønder (1995) og i oppfølgaren Skrivande bønder (2003), som begge har vorte viktige referanseverk i skandinavisk literacy-forsking.   

Allmugens litterære liv var noko som hadde oppteke Fet i lengre tid. Allereie i boka Allmugens diktar (1987) om skulehaldar Niels Olsen Svee (1758-1789) frå Stranda skreiv Fet både om ulike litterære preferanser blant overklassen og allmugen og om bondeallmugens lese- og skrivekunne på 1700-talet.

Eit utspring frå arbeidet med Lesande bønder (1995) er også boka Eksetiana (2006), der Fet har laga ein nesten fullstendig oversikt over alt som vart trykt ved Aarflots Prenteverk på Ekset i Volda frå starten i 1809 og fram til 1935. 

Eit seinare arbeid om litterære verk og skriftlege uttrykk på Sunnmøre, Stemmer frå ei fjern tid (2014), er delt i tre delar: Først omtalar Fet bøker som vart trykt for den europeiske eliten på 1500- og 1600-talet, men som likevel har vore i privat bondeeige på Sunnmøre gjennom fleire hundre år. Deretter skildrar han utydde teikn på ei sengebu frå Austefjorden og magiske formlar frå Hornindalen. Boka vert avslutta med eit utval handskrivne viser frå byrjinga av 1600-talet og fram til 1814.

Den siste boka hans, «Den gløymde litteraturen», vart utgjeve i 2015, og dette er ei forsetjing av forskinga hans om lese- og skrivekunne. I denne boka presenterer Fet 609 bøker og skrifter trykte før 1840 og som er i privat eige på Sunnmøre, for å vise kva som er igjen av den gamle bokverda i dagen. 

Eit anna arbeid frå Fet, Sunnmørske tunnamn – individ, samfunn, landskap (2010), er ein omfattande studie av korleis dei sunnmørske gårdstuna fekk sine namn. I boka visar Fet at tunnamna kan delast inn i sju grupper med kvar sine språklege, historiske og sosiale kjennemerke. 

Fet byrja tidleg å spele fele og lærte slåttane etter dei gamle spelemennene i Velledalen. I 1993 tok han initiativet til å gjenreise Sunnmøre Spelemannslag i Volda.

Fet har skrive fleire bøker om folkemusikk og om utøvarar av folkemusikk. I boka Folkemusikken i Møre og Romsdal (1999) fortel han om rolla folkemusikken spela i folks liv. Boka inneheld eit rikt historisk materiale i form av notar, tekstar og informasjon om folkemusikkutøvarar.

Som leiar for Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal var Fet med på å bygge opp ei stor folkemusikksamling som inkluderer notar, lyd- og videoopptak.

    • 1999: Målprisen av Sunnmøre Mållag for framifrå nynorsk både i skrift og tale
    • 2004: Kongens fortenestmedalje i gull
    • 2004: Kulturprisen for Møre og Romsdal
    • 2006: Sunnmørspostens kulturpris
    • 2006: FoU-prisen ved Høgskulen i Volda
    • 2017: Æresdoktor ved Universitetet i Bergen
  • Brandal, P.A. 2017: Jostein Fet æresdoktor ved UiB. www.hivolda.no.
  • Gundersen, T.R. 2016: Bokstaver og bønder. Bokmagasinet/Klassekampen, 16.01.2016: 4-5. 
  • Sande, Ø. 2014: Jostein Fet, Allkunne.no.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.