Johannes D. Sandal

Faktaboks

Johannes D. Sandal

Johannes Danielson Sandal

Født
12. januar 1877, Jølster, Vestland
Død
28. juni 1905

Artikkelstart

Johannes D. Sandal var husmannsgut frå Jølster som vart typograf. Han var ein av dei første frå tidlegare Sogn og Fjordane som gav ut dikt på landsmål.

Bakgrunn

Johannes Danielson Sandal var fødd på husmannsplassen Jølet i Sandal i Jølster (no Sunnfjord), Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde av tuberkulose i Bergen. Sandal gjekk underoffiserskulen i Bergen og arbeidde ei tid i militæret.

Forfattarskapen

I Bergen kom han i kontakt med Mens Klyve, som dreiv prenteverk og gav ut bladet Skuld. Her fekk Sandal prenta nokre av dikta sine, og arbeidde som typograf i Klyve sitt boktrykkjeri dei siste åra han levde.

Sandal var oppteken av lokalhistorie, og i 1901 gav han ut Glimt fra Jølsters fortid for eigen kostnad. Der skreiv Sandal om nokre avgrensa emne: Naturen i Jølster, fornminne, prestar og kyrkjer, og han har med eit utval dokument knytte til Jølster i tidlegare tider. Mest plass får omtalen av Audun Hugleikson frå Ålhus, ein av dei mektigaste mennene i Noreg i andre halvdel av 1200-talet.

Sandal hadde allsidige kunstinteresser og dreiv både med portrettmåling og fotografering. I 1902 gav han ut diktsamlinga Fra folkelivet, også denne på eige forlag. Samlinga har hovudbolkane «Folket og landet», «Ungdommen», «Anledningsdigte» og «Diverse digte». Sandal var målmann, men dei fleste dikta i samlinga er på dansk. Dikta hans på landsmål er mellom dei første i denne målforma av forfattarar frå Sogn og Fjordane.

I 1977 kom dei to bøkene ut i ei samleutgåve, utgitt av Jølster sogenemnd, med forord av Lidvald Klakegg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lidvald Klakegg: «Om forfattaren og boka», i Johs. D. Sandal: Glimt fra Jølsters fortid (1978)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg