Indre Sogn

Artikkelstart

Indre Sogn var ei lokalavis for Årdal og Lærdal, med undertittelen «Upolitisk bygdeblad for Årdal og Lærdal». Avisa vart gitt ut i Årdal i den korte perioden 1982 til 1984.

Etablering

Den første utgåva kom 26. mars 1982. Avisa kom ut to gonger i veka og vart prenta ved A/S Fotosentrum i Ytre Arna. Opplagstalet for avisa var i 1983 i underkant av 1800. Utgivaren av avisa var eit aksjeselskap.

Drift

Den første redaktøren var John Moberg, som også hadde vore initiativtakar til etableringa av avisa. Moberg hadde frå tidlegare erfaring som journalist i avisa Sogn og Fjordane. Helge Arild Bolstad tok over redaktørstillinga i 1983, men vart etter berre nokre få månader avløyst av Jan Egil Fimreite.

Indre Sogn etablerte seg i 1982 som ei politisk uavhengig avis i eit industrisamfunn der fagrørsla og sosialdemokratiet stod sterkt. Avisa fekk difor ei blanda mottaking då ho kom. Det var heller ikkje enkelt å skulle konkurrere mot den godt etablerte arbeidarpartiavisa Sogn Dagblad, som hadde filial i Årdal og fungerte som lokalavis der.

Indre Sogn fann ikkje plassen sin i Årdalssamfunnet. Interessa blant lesarane minka raskt, og annonsørane forsvann. Avisa gjekk konkurs, og den siste utgåva kom 18. august 1984.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg