Han var fødd og oppvaksen i ein polsk-jødisk familie i Weimar-tidas Tyskland. 7. november 1938 sto han bak eit attentat mot den tyske legasjonssekretæren i Paris, Ernst Eduard vom Rath. Legasjonssekretæren døde to dager seinere av skadane. Drapet på vom Rath vart brukt av dei tyske nazistene som eit påskott for å sette i gang den såkalla .

Herschel Grynzpan gjekk på skole i Hannover og var i tillegg aktiv i sionistgruppa Misrachi. Som 15 åring utvandra han til Belgia. Kort tid seinere tok han seg illegalt inn Frankrike. Der prøvde han utan hell å få opphaldsløyve. Han forsøkte også å vende tilbake til familien i Tyskland. Det fekk han ikkje lov til fordi politiet i Hannover hevda at det var feil i identitetspapira hans. I oktober 1938 vart Herschel Grynzans familie, som hadde budd i Tyskland i meir enn 27 år, utvist fra landet. Utvisinga var ein del av Polenaksjonen der om lag 17 000 jøder med polsk pass vart utvist fra Tyskland. Då han vart arrestert, hevda han at drapet på legasjonssekretæren var ein hevnaksjon på grunn av Polenaksjonen. Historikarane trur at Herschel Grynzpan døde på tukthus i Magdeburg i 1942 eller i 1943.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.