Gunvor Ingstad Trætteberg var ein norsk etnolog og drakthistorikar. Ho gjorde gjennom mange år draktstudiar og innsamlingar av klesplagg i Noreg og elles i Norden.
Ho gjekk på Kunst- og håndverksskolen i Bergen i 1915 og Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1917–1918. Ho var tilknytta Norsk Folkemuseum i 1917–1918, og seinare til De Sandvigske Samlinger.
Ho var søster av Helge Ingstad og gift med heraldikaren Hallvard Trætteberg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.