Faktaboks

Gjert Kristoffersen
Fødd
13. august 1949, Arendal
Død
20. mai 2021, Åmli

Gjert Kristoffersen var ein norsk lingvist med spesialkompetanse i fonologi, fonetikk og historisk lingvistikk. Han har òg publisert viktige arbeid i sosiolingvistikk og dialektologi. Da han fylte 70 år, gav kollegaer ut eit festskrift med tittelen Fonologi, sosiolingvistikk og vitenskapsteori. Ein slik tittel seier nok mest om innhaldet og tematikken i boka, men i dette tilfellet kan tittelen òg vise til at Kristoffersen i tillegg til fonologisk og sosiolingvistisk ekspertise gjennom heile sin faglege verksemd dokumenterte eit høgt vitskapsteoretisk medvit, anten eksplisitt ved at vitskapsteoretiske problemstillingar er integrerte i teksten og blir drøfta i fleire av arbeida, eller meir implisitt gjennom til dømes teori- og metodedrøftingar.

Bakgrunn, utdanning og arbeidsliv

Kristofferson voks opp Arendal. Han fekk cand.philol.-graden fra Universitetet i Bergen i 1978 på ei avhandling om sin eigen dialekt, Arendal-dialekten, med fokus på dialektutvikling hos skolebarn. Avhandlinga blei publisert som bok på Novus forlag i 1980. Etter avlagt hovedfagseksamen fekk Kristoffersen stilling som universitetslektor ved Universitetet i Tromsø, først i allmenn språkvitskap, deretter i nordisk språkvitskap. I 1984 gjekk han over til ei stilling i Universitetsforlaget. Fire år seinare returnerte han til akademia, no som førsteamanuensis i nordisk språkvitskap i Tromsø. I 1991 tok han doktorgrad på avhandlinga Aspects of Norwegian Syllable Structure. Like etter det flytta han til Bergen der han hadde fått eit professorat i nordisk språkvitskap, ei stilling som han hadde til han gjekk av med pensjon i 2018, rett nok med eit avbrot mellom 2001 og 2007 som forskingsdirektør i eit forskningsselskap som Universitetet i Bergen eigde. Frå 2001 til 2003 hadde han dessutan ei professor II-stilling ved Høgskolen i Agder.

Internasjonal profil og orientering

Alt i studietida retta Kristoffersen det faglege blikket sitt utover og vekk frå Noreg. Frå 1975 til 1976 studerte han lingvistikk ved University of California Los Angeles. Seinare brukte han mykje av forskingstida si på universitet i utlandet, særleg USA, og alltid på institusjonar med eit sterkt lingvistikkmiljø. Jamvel om Kristoffersen sjølv for det meste arbeidde med norske data, skreiv han ofte bøkene og artiklane sine på engelsk. Han hadde eit stort internasjonalt nettverk, og var sjølv ein høgt verdsett språkforsker også internasjonalt. Gjennom alle år var han ein svært aktiv og produktiv forskar. I 2000 publiserte han det som er blitt eit standardverk i norsk fonologi, The Phonology of NorwegianOxford University Press.

Universitets-, forskings- og språkpolitikk

Gjennom store delar av universitetskarrieren sin hadde Kristoffersen viktige universitetspolitiske verv. Både i Tromsø og Bergen var han instituttleiar og dekan. Han hadde stor arbeidskapasitet og gode leiareigenskapar. Det førte til at han også blei utnemnd til fleire nasjonale nemnder og komitear. Fra 1992 til 1995 var han leiar for ei styringsgruppe for Norsk referansegrammatikk som da var under arbeid. Mellom 2004 og 2005 var han leiar for ein komite, oppnemnd av Språkrådet, med mandat å utvikle ein strategi for ein nasjonal språkpolitikk. Ein omfattande rapport, Norsk i hundre!, blei premissleverandør og grunnlag for ei stortingsmelding i 2007–2008, ei melding som fekk relativt stor innverknad på praktisk norsk språkpolitikk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg