Faktaboks

George Saunders
Fødd
2. desember 1958, Amarillo, Texas, USA

George Saunders er ein amerikansk forfattar.

Forfattarskap

Saunders er mest kjend som novelleforfattar, og debuterte med CivilWarLand in Bad Decline i 1996. Han følgde opp med Pastoralia (2000), som kom i norsk omsetjing, Lykkeland, i 2006. Same år utkom samlinga In Persuasion Nation. Dessutan finnast på norsk samlinga Tenth of December (2013; norsk omsetjing Tiende desember, 2013).

Forfattarskapet er prega av ei kreativ stilistisk utforsking av grensene for det satiriske, og ei filosofisk tilnærming til det ustadige, tragikomiske elementet i det menneskelege tilveret. Ei sterk interesse for vilkåra for menneskeverdet til individet i den seinkapitalistiske tidsalderen karakteriserer Saunders sine noveller og gir dei ein etisk grunntone.

Han har fått ei rekkje prisar og prestisjetunge stipend for skrivinga si. Saunders har òg ein omfattande produksjon som essayist og spaltist bak seg; eit utval finst i The Braindead Megaphone (2007). I 2000 utkom The Very Persistent Gappers of Frip, ei illustrert barnebok som i 2008 vart tilgjengeleg i omsetjingar både på nynorsk (Dei utruleg utrøyttelege gapparane frå Fripp) og bokmål (De utrolig utrettelige gapperene fra Fripp). Saunders underviser i kreativ skriving ved Syracuse University.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg