Faktaboks

Europeisk Ungdom
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
1973
Dagleg leiar
Katinka Ekmann
Styreleiar
Ulrik Joachim Stange

Europeisk Ungdom er ein partipolitisk uavhengig norsk ungdomsorganisasjon som arbeider for norsk EU-medlemskap. Den er og ungdomsorganisasjonen til Europabevegelsen i Noreg. Europeisk Ungdom vart skipa kort tid etter folkerøystinga om EF i 1972, men nådde eit høgdepunkt i aktivitet og medlemsmasse i 1994, i samband med folkerøystinga det året om Noregs tilknytning til EU.

Europeisk Ungdom arbeider i hovedsak på grunnlag av same politiske program som Europabevegelsen i Noreg. Ungdomsorganisasjonen vil dessutan at EU skal satsa meir på kjernekraft for å løysa energikrisa, og at Noreg bør delta fullt ut i EUs energisamarbeid. Organisasjonen meiner elles at regjeringa må gje plass til ein eigen EU- og EØS-minister.

Europeisk Ungdom har rundt 1000 medlemer (2024), fordelt på lokallag og studentlag.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Europeisk Ungdom
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.920 Partipolitiske organisasjoner

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg