Faktaboks

Innbyggjartal
316 (SSB, 2023)
Landareal
0,4 km²
Tettstadsnummer
5512 Eivindvik
Steinkrossen i Eivindvik.

Steinkrossen i Eivindvik.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Eivindvik er ein tettstad i Gulen kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 316 innbyggjarar (2023).

Eivindvik er administrasjonssenter i Gulen kommune.

Eivindvik ligg på nordsida av Gulafjorden like sør for munninga av Sognefjorden. Det er vegsamband austover frå Eivindvik til riksveg 57.

Frå 900-talet til omkring 1300 vart Gulatinget, som var felles lagting for fylka mellom Sunnmøre og Agder, halde i dette området. Vest for Gulen kyrkje står to store steinkors, som truleg vart reiste i samband med innføringa av kristendommen.

Kulturminne: Herredshuset, kyrkja, steinkorsa og den gamle steingarden kring prestegarden.

Namnet kjem av mannsnamnet Øyvind, norrønt Eyvindarvík.

Kart

Eivindvik
Eivindvik
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg