Dei tre kongerika, eller Dei tre statane, er ei nemning på tidsrommet 220–280 i kinesisk historie, etter at Han-imperiet vart oppløyst i tre statar: Wei 魏 (220–264) i nord, Shu 蜀 (221–263) i vest og Wu 吳 (222–280) i søraust. Sidan dei finst fleire statsdanningar gjennom kinesisk historie som har hatt dei samme namna, blir dei tre òg kalla høvesvis Cao Wei, Shu Han og Sun Wu, etter dei som grunnla statane.

Faktaboks

Uttale

sæn goå, IPA: [san.kwo]

Etymologi

sān 三, "tre"

guó 国/國, "land, stat"

Også kjend som

Dei tre statane

Pinyin: Sānguó

Forenkla teikn: 三国

Tradisjonelle teikn: 三國

Bokmål: de tre kongedømmer

Engelsk: Three Kingdoms

Opphav

Røtene til perioden kan sporast attende til midten av perioden seinare/austre Han (25–220), då ein serie av mindreårige keisarar kombinert med veksande hoffintrigar mellom evnukkar og keisarinnefamiliar gradvis tærte på sentralmakta. Under bondeopprøret til dei såkalla gule turbanane i 184–185 vart det naudsynt å overgi siste rest av sentralmakt til dei lokale armeane for å slå ned opprøret. Alle dei tre maktsentra oppstod i dei følgjande åra. I 208 møttest dei i det mest vidgjetne slaget i Kinas historie, slaget ved Dei raude klippene, som oppretta maktbalansen mellom dei tre.

Starten på perioden blir vanlegvis sett til året då Cao Pi, konge av Wei, avsette den siste Han-keisaren og erklærte seg sjølv keisar, det vil seie i år 220. I høvesvis 221 og 226 følgde kongane av Shu og Wu etter. Tre keisarrike kunne dermed vore ei meir presis nemning for perioden (på engelsk blir han gjerne kalla Three Kingdoms). Alle tre gjorde krav på vere legitim herskar over heile Kina.

Oppløysing

Det var Wei (sidan Jin 晉), den tapande parten i slaget ved Dei raude klippene, som skulle gå sigrande ut av den trekanta konflikten og samle Kina på ny. Det var særleg den sentraliserande legalistiske politikken og hærens makt som var årsak til det. Men her låg òg kimen både til Wei-dynastiet sitt fall og til oppløysinga av Kina på 300-talet. Ein av dei mektige militærfamiliane, Sima, kuppa nemleg trona i 265 og oppretta Jin-dynastiet.

Etter at Jin hadde fullført samlinga av Kina i 280, gjekk riket i oppløysing att på starten av 300-tallet.

Herskarklassen i dei nye uavhengige statane som tok form i nord i den følgjande perioden, stamma frå dei utanlandske leigesoldatene og kolonistane som vart innlemma i Wei-staten på 200-talet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg