Bork

Artikkelstart

Bork er eit mannsnamn som kan ha nedertysk bakgrunn, som kortform av namn på Burk, til dømes Burkhard, der Burk- tyder ‘borg’. Bork kan også setjast i samanheng med adjektivet bork som tyder ‘gulaktig, brunleg’.

Namn som Borken, Brunen, Svarten viser at hestar kan ha fått namn etter den fargen dei har.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Bork som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg