Bjarni Gissurarson var ein islandsk diktar og prest.
Bjarni Gissurarson var ein av dei fremste islandske diktarane på 1600-talet. Han skreiv både religiøse og verdslege dikt av ymse slag, særleg kritiske og humoristiske dikt, ypparlege diktbrev (ljóðabréf) og tekstar til islandske songdansar (vikivakar). Dikta peiker, både med det lyse religiøse uttrykket og det uttrykte nytteomsynet, fram mot opplysningstida.
Dikta hans vart ikkje trykte i særleg omfang, men eit utval av dei kom ut i 1960 med tittelen Sólarsýn (Solsyn). På norsk er han representert med gjendikting av Ivar Orgland i antologien Islandske dikt frå Sólarljóð til opplysningstid (1977).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.