Björn Halldórsson var ein islandsk diktar, prest og vitskapsmann. Han var ein føregangsmann i islandsk jord- og hagebruk, og han var ein av dei første til å dyrke poteter i landet.
Dei viktigaste bøkene hans er Atli (1780), eit opplysningsskrift i samtaleform om landbruk, ordboka Lexicon Islandico-Latino-Danicum (islandsk ordbok med latinske og danske ekvivalentar, utgjeven i 1814), og ein biografi over svogeren Eggert Ólafsson.
Av dei viktigaste dikta hans kan ein nemne Fjörgynjarmál, som han skreiv til minne om Eggert Ólafsson, og Ævitíminn eyðist, eit dikt som klart gjev uttrykk for reformiveren på Island på den tida. Han skreiv også ei rekkje salmar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.