Faktaboks

Bendik

eigentleg Silje Halstensen

Fødd
4. mai 1990, Bergen, Vestland
Bendik (Silje Halstensen) under P3 Gull i 2017.
Bendik (Silje Halstensen) under P3 Gull i 2017.
Av /NTB.

Bendik er ein norsk popartist som mellom anna syng om kor fin og vanskeleg kjærleiken kan vere.

Bakgrunn

Silje Halstensen gjekk musikklinja på Bodø videregående skole (2006–2009) og tok ein bachelorgrad i musikkteknologi ved NTNU i Trondheim (2009–2012). Frå 2014 til 2016 var ho dagleg leiar i den ideelle organisasjonen AKKS. Ho er dotter av musikaren Atle Halstensen.

Musikkarrieren

Med artistnamnet Bendik debuterte ho med albumet Drømmen gjør meg ingenting i 2012. Albuma No går det over kom i 2014 og Fortid i 2016. I 2018 vart kjærleikslåten Perfekt mykje spela i norsk radio. Namnet «Bendik» er eit peik mot mannsdominansen i musikkbransjen.

Det er mykje kjensler og kontrastar i musikken til Bendik. Ho har vore open om angstproblem, og det pregar tekstane. I den tidlege musikken hennar krinsar tekstane også om den vanskelege kjærleiken. Med låtar som Siste gang (2016) og Kriger (2016) er det brotne lovnader og det som ikkje vert sagt, som pregar parforholda. Dette endrar seg til ei vakker kjærleikshistorie i låten Perfekt (2018). Keyboard, gitar og trommemaskin er viktige instrument i det populærmusikalske landskapet hennar. Bendik syng på bergensdialekt.

I 2007 var Silje Halstensen saman med Ingeborg Selnes initiativtakar til musikkfestivalen Kjerringråkk i Bodø. Målet med festivalen er å fremje kreativiteten til kvinner.

Utmerkingar

Bendik har vore nominert til Spellemannprisen fleire gongar, både i kategorien indie for albumet No går det over i 2014 og for beste popsolist for albuma Fortid i 2016 og Det går bra i 2019. Ho har òg vore nominert til Årets liveartist under P3 Gull i 2013 og 2015.

Album

  • Drømmen gjør meg ingenting (2012)
  • No går det over (2014)
  • Fortid (2016)
  • Det går bra (2019)
  • Sove (2020)
  • Her hos deg (2022)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg