Faktaboks

Arild Hermstad
Fødd
15. oktober 1966, Bergen
Arild Hermstad
Arild Hermstad i 2018.
Av /Miljøpartiet De Grønne.
Lisens: CC BY SA 2.0

Arild Hermstad er ein norsk politikar frå Miljøpartiet Dei Grøne som frå 2022 er partileiar. I perioden 2018–2020 var han ein av dei to nasjonale talspersonane til partiet, og han var nestleiar frå 2020 til 2022.

Bakgrunn

Arild Hermstad kjem frå Bergen. Han studerte økonomi ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1988–1990. Hermstad er cand.polit. i geografi frå Universitetet i Bergen i 1995. Han arbeidde i Sunnmørsbanken i 1986–1989 og var konsulent i Raftostiftelsen i 1999–2000. Han har vore kommunikasjonsrådgivar i Hold Norge Rent og prosjektkoordinator i Fortidsminneforeningen.

Politisk karriere

Hermstad var leiar av Framtiden i våre hender (FIVH) i 2001–2017. Han melde seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne først i 2016. Allereie ved stortingsvalet i 2017 var han partiets førstekandidat i Hordaland. Han trekte seg som leiar av FIVH i 2017 for å stille på første plass på MDGs liste i Hordaland, men nådde ikkje opp ved valet. I perioden 2019–2020 var Arild Hermstad vikarierande byråd for miljø og samferdsel i Oslo, og 2020 vikarierande byråd for byutvikling. I 2023 vart han byråd for byutvikling. Han er medlem av Oslo bystyre frå 2023.

På MDGs landsmøte i 2018 vart han ny nasjonal talsperson for partiet saman med Une Aina Bastholm. Hermstad blei vald til mannleg talsperson for MDG i 2018 etter Rasmus Hansson. På landsmøtet til partiet i 2020 gjekk ein bort frå ordninga med to talspersonar, og Hermstad vart då vald til nestleiar på landsmøtet. Etter at Bastholm trekte seg i 2022 vart Hermstad først fungerande partileiar før han blei vald til partileiar på eit ekstraordinært landsmøte i november 2022.

Andre verv

Hermstad har hatt ei rekkje verv i frivillige organisasjonar, mellom anna var han styreleiar i Syklistenes Landsforening i 2013–2018.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg