Thuja occidentalis

Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov

Thuja occidentalis

Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Midtsjælland, Danmark

Tuja er ei bartreslekt i sypressfamilien.

Faktaboks

Uttale
tˈuja
Beskriven av
Carl von Linné

Dette er tre med krossvis motsette, skjelforma blad som ikkje blir felte om hausten. Fem artar finst i Nord-Amerika og Aust-Asia. Austamerikansk tuja (Thuja occidentalis), ofte kalla vanleg tuja eller også livstre (arbor vitae), kan bli eit 20 meter høgt tre i det austlege Nord-Amerika. Arten finst i fleire sortar (kultivarar) og blir ofte planta i hagar, parkar og på kyrkjegardar i Noreg. Som prydplante blir det også brukt kjempetuja (Thuja plicata) frå det vestlege Nord-Amerika, der han kan bli 70 meter høg.

Yteveden er nesten kvit og svært smal, medan kjerneveden er raudbrun, oftast rettfibrig. Densiteten (massetettleiken) ved 15 prosent fukt er cirka 0,39 gram per kubikkcentimeter. Tjukkare materiale kan vera vanskeleg å tørke og ha tendens til cellekollaps.

Tuja gir korrosjon på metalldelar. Tuja er haldbart, men har dårlegare styrke enn furu, og blir brukt der haldbarheit er meir avgjerande enn styrke. Veden inneheld aromatiske stoff som kan føre til svimmelheit i lukka rom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tuja
Thuja
Artsdatabanken-ID
103788
GBIF-ID
2684168

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg