Hornbiller er i utgangspunktet herbivore, altså planteetarar. Dei vaksne individa et for det meste frukt, nektar og sevje. Larvane lever stort sett av plantemateriale i form av rotnande trevirke og dei trivst best i morkna ved.
Den norske arten nashornbille er spesialisert på rotnande eiketre som larve, men har tilpassa seg grunna mangelen på slike daude eiketre i Noreg i dag. Dei har derfor gått over til å føretrekke kompost eller sagmugg, eller aller helst hestemøkk blanda i sagmugg.
Alle biller er holometabole, og har dermed fire livsstadium: egg, larve, puppe og vaksen. Egga blir gjerne lagt direkte i «matfatet», for eksempel i daude tre. På den måten kan dei nyklekka larvane byrje å ete med ein gong. Målet med larvestadiet er å ete mykje, auke i storleik og lagre energi til metamorfosen og livet som vaksen. Larvestadiet består av tre trinn, der larvane går gjennom eit hudskifte mellom kvart trinn. Lengda på larvestadiet varierer mykje.
Dei største billeartane kan vere larvar i fleire år før dei forpuppar seg. Dei vaksne individa har som mål å pare seg, og lever derfor ikkje nødvendigvis så lenge, men også dette varierer. Nashornbilla lever berre ein kort sommarsesong som vaksen, medan den vaksne herkulesbilla kan leve i opptil tolv månadar. Det kan vere skilnadar på lengda av livet som vaksen mellom kjønna. Hoa døyr ofte kort tid etter at ho har formeira seg og lagt egga sine, medan hannen lever lenger og kan pare seg fleire gongar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.