Idiolekt er eitt enkelt menneske sin måte å snakke på, til forskjell frå dialekt eller sosiolekt, som brukast om korleis ei gruppe menneske snakkar.

Faktaboks

Uttale
idiolˈekt
Etymologi

av gresk idio- ‘eigen, særeigen’ og -lekt henta frå dialekt i tydinga ‘språkleg varietet’.

Idiolekt omfattar heile språksystemet til eit individ: ordforråd, lydsystem, bøyingssystem, setningsoppbygging og andre delar av språkbruken.

Omgrepet idiolekt brukast vanlegvis for å skilje individuelle måtar å snakke på frå språkbruk som finst på gruppenivå, for eksempel dialektar eller sosiolektar. Idiolekten er dei delane av individets språksystem som skil seg frå dialekten/sosiolekten. Dette kallast òg dei idiolektiske språktrekka til personen. Det er fellestrekka i alle individa sine idiolektar som til saman utgjer ein varietet på gruppenivå (som for eksempel ein dialekt eller eit språk).

Idiolekten er prega av personen sin særeigne livshistorie (oppvekststad, sosial klasse, utdanning og liknande) og vil endre seg gjennom livet, for eksempel ved at hen lærer seg nye ord, eller at hen flyttar til ein ny stad.

I rettslingvistikk bruker ein kunnskap om eit individ sin særeigne måte å snakke på (eller å skrive på) til å vurdere om det er nettopp denne personen som står bak ei ytring.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg