I 1960 vart Skagestad konstituert som sjef for Det Norske Teatret i eitt år, då Nils Sletbak ønskte eit permisjonsår. Men Sletbak kom aldri tilbake, og Skagestad vart, med unntak av eit sabbatsår, sitjande i sjefsstolen heilt til 1979.
Skagestad skapte straks ei rad norske teatersensasjonar. I 1961 sette han opp Lang dags ferd mot natt, med Tordis, Alfred og Toralv Maurstad i tre av rollene, dei to sistnemnde innleigde frå Nationaltheatret. I 1962 fekk han Brecht-venen og den tyske stjerneinstruktøren Peter Palitzsch til å setje opp Den kaukasiske kritringen, med den nytilsette Liv Ullmann i hovudrolla.
Då Det Norske Teatret i 1963 feira 50-årsjubileet sitt, hadde det kunstnarleg og kommersielt vorte det store kraftsenteret i norsk teater og kunne markere dagen med fire parallelle premierar fire ulike stader i landet.
Skagestad var ekspansiv og dristig og bygde opp ensemblet og teatret i fleire retningar samstundes. Han profesjonaliserte musikkteatret og knytte til seg Egil Monn-Iversen som musikalsk leiar. Saman importerte dei to dei største musikal-suksessane frå Broadway og utvikla eigne norske musikalar baserte på populære førelegg, til dømes Trost i taklampa (1963), Bør Børson jr. (1972) og Jeppe på Berget (1976).
Han utvikla samstundes det meir avantgardistiske teaterformene. Han knytte til seg polakken Henryk Tomaszewski, ein av dei leiande pantomimekunstnarane i europeisk teater, og utvikla Scene 2-drift for eit mindre og meir krese publikum enn hovudscenepublikummet. Scene 2 vart mellom mykje anna åstaden for den vidgjetne Beckett-serien, der Det Norske Teatret i løpet av 20 år spela alle skodespela til Beckett.
Både i form av medieinteresse, kritikarros og publikumsoppslutnad vart Skagestad-epoken ein gullalder for Det Norske Teatret. Han hadde repertoarteft, sans for kva som skapte merksemd, og var ein teaterpolitisk strateg. I tre periodar var han formann i Norsk Teaterlederforening, og han sat som teatersjef heilt til han kjende seg sikker på at teatrets lange og seige kamp for eit eige hus i Karl Johan-kvartalet var krona med siger. Han var ein tøff og krevjande arbeidsleiar. «Det fins ingen grunn til å skjule at han mange ganger har vært mer respektert enn elsket,» skreiv Dagbladet ærleg, idet det vart kjent at han ville gå av.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.