Attlee, Truman og Stalin

Clement Attlee, Harry Truman og Josef Stalin på Potsdamkonferansen.

Potsdamavtalen er forhandlingsresultatet frå Potsdamkonferansen som var toppmøtet mellom sigersmaktene etter den andre verdskrigen.

Møtet vart heldt på Schloss Cecilienhof i Potsdam frå 17. – juli til 2. august 1945. Dei som forhandla var Storbritannias statsminister Winston Churchill (han vart avløyst av den nyvalde statsministeren Clemet Attlee 28. juli), USAs president Harry S. Truman og Sovjetunionens statssjef Josef Stalin. Frankrike deltok ikkje i forhandlingane, men slutta seg til innhaldet i avtalen 7. august 1945.

Innhaldet i avtalen

Avtalen regulerte Tyskland si stilling etter krigsnederlaget. Dei viktigaste punkta som vart nedfelt i protokollen etter konferansen handla om desse spørsmåla:

  1. Regulering av sigersmaktenes okkupasjon av Tyskland.
  2. Krigsskadeerstatning.
  3. Behandling av krigsforbrytarar.
  4. Grenseforskyving av den tysk-polske grensa til Oder-Neisse-linja.
  5. Utvising av tyskarar frå dei tidlegare tyske aust-områda og frå Tsjekkia og Ungarn.

Potsdamavtalen vart til ein arbeidsinstruks for det allierte kontrollrådet som styrte Tyskland etter krigsnederlaget. Arbeidet deira blir omtalt som 4-D-programmet fordi dei fire mest sentrale arbeidsområda alle byrja med bokstaven d:

  • Denazifisering: Dei allierte sette seg som mål å de- eller av nazifisere både Tyskland og Austerrike. Heile samfunnet skulle reinsast for innverknaden frå NSDAPs nasjonalsosialisme.
  • Demilitarisering: Målet var å sette både den tyske hæren og rustningsindustrien ut av spel. Slik ville ein hindre at Tyskland på ny skulle truge resten av Europa militært.
  • Demokratisering: Ei demokratisk utvikling skulle sikrast gjennom innføring av organisasjonsfridom, ytringsfridom og religionsfridom.
  • Desentralisering: Målet var å overføre makt til delstatar og lokalsamfunn. Slik skulle ein hindre at makta vart samla på svært få hender, slik situasjonen hadde vore under Hitlers styre.

Juridisk stilling

Potsdamavtalen er å forstå som ei felles intensjonserklæring frå sigersmaktene etter den andre verdskrigen. Den har ikkje status som ein folkerettsleg bindande avtale.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg