Faktaboks

Øyposten
Offisielt namn
ØYPOSTEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Finnøy
Dagleg leiar
Sigbjørn Høidalen
Styreleiar
Reidar Hystad
Logo
Logo
Av .

Øyposten er ei lokalavis som kjem ut på Finnøy ein gong i veka, både i papirformat og som e-avis. Avisa vart grunnlagt i 1970 og har frå 2023 Polaris Media som hovudeigar.

Øyposten dekkjer Ryfylkeøyane, i hovedsak øyane som høyrer til tidlegare Finnøy kommune. Øyposten vert redigert på nynorsk og er ei klassisk lokalavis utan riksnyheiter og utan stoff frå nyhendebyrå.

Historikk

Avisa vart grunnlagt som kommunalt informasjonsorgan, seinare omgjort til eit uavhengig aksjeselskap. Avisa Suldalsposten var største aksjonær, inntil den i 2009 selde seg ut. Stephan Foldøy Dickinson vart hovedaksjonær og dagleg leiar, til han selde aksjane til Schibsted i 2021. Schibsted selde 51 prosent av aksjane til Polaris Media i 2023.

Opplag

Opplagstall for Øyposten, 1994-2022

1994 840
1995 925
1996 1014
1997 1050
1998 1025
1999 1180
2000 1250
2001 1253
2002 1374
2003 1291
2004 1157
2005 1157
2006 1191
2007 1254
2008 1312
2009 1390
2010 1458
2011 1430
2012 1462
2013 1429
2014 1391
2015 1381
2016 1340
2017 1318
2018 1299
2019 1316
2020 1635
2021 1740
2022 1383
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
2016 1323
2020 1635
2021 1740
2022 1383
2023 1325

Frå 2016 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Øyposten
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg