Termittfalk er ein liten rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Falco cuvierii
Beskriven av
Smith, A, 1830

Som vaksen er fuglen ca. 28 cm lang, hannfuglar veg rundt 160 gram og hofuglane rundt 200 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tørr savanne, plantasjar og urbane område. Termittfalk er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og små varmblodige dyr som han fangar i skogen, i buskar og i lufta.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

termittfalk
Falco cuvierii
Artsdatabanken-ID
178493

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg