Røyktrost
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Røyktrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Turdus fumigatus
Beskriven av
Lichtenstein, MHK, 1823

Som vaksen er fuglen ca. 23 cm lang og veg rundt 70 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog, jordbruksland, mangroveskog og tørr savanne. Røyktrost lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken og i skogen.

Hekking skjer fire gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

røyktrost
Turdus fumigatus
Artsdatabanken-ID
184198

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg