Liv av grønn rask dekorert med rosa silkebånd
Av .

Rask er eit nokså tynt, kypertvove ullstoff. Renninga er vanlegvis av kamgarn. Innslaga er oftast av kardegarn, men kan også være av kamelhår, bomull eller silke.

Faktaboks

Etymologi
etter byen Arras i Flandern
Også kjend som
arrask

Rask har fleire stoffkvalitetar, nokre appretert eller valka og pressea.

Rask blei brukt til blant anna fôr, forklede og sørgeklede. Det har vore forsøk på rekonstrukjson av stoff i liknande kvalitet, men det er ikkje i sal i dag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Kjelde: Gunvor Rognså

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg