kypert

Artikkelstart

Kypert er ei diagonal vevbinding som er kjenneteikna ved at bindepunkta blir flytt ein tråd til sides for kvart innslag. Dette gjer at stoff med kypertbinding får kagonale striper som anten kan gå over heile vevnaden eller lage ulike oppbrotne, diagonale mønster.

Faktaboks

Også kjent som
kypertbinding, kipert, kippert, vend, vendevev

I kypertbindinga blir ikkje trådane så ofte bundne som i toskaft, og stoffet blir difor mjukare og meir elastisk.

Likesida eler symmetrisk kypert går alltid under og over like mange trådar, medan ulikesida eller asymmetrisk kypert går for eksempel over to og under éin tråd.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979
  • Kjelde: Gunvor Rognså

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg