para-

Artikkelstart

Para- er eit prefiks som betyr 'ved sida av, utanfor, i tillegg', i nokre samanhengar også 'som minner om' og i andre 'som vernar mot'.

Faktaboks

Etymologi
til gresk para ‘ved sida av’
Også kjent som
par-

Døme

  • paramilitær (ikkje ein del av det offentlege militæret, halvmilitær)
  • paranormal (overnaturleg)
  • parapsykologi (overnaturlege fenomen)
  • paratekst (tekst ved sida av det litterære i ei bok, til dømes forord)
  • parasoll (som vernar mot sol)
  • paraply (som vernar mot regn)

Paraidrett

«Paraidrett» er ei nylaga form etter mønster av «paralympisk», som igjen er eit nylaga ord som er samansett av «paraplegi» og «olympisk». Dette kjem av at paralympiske leikane opphavleg var eit idrettsarrangement for paraplegikarar, det vil seia menneske som er lamme i beina.

Trass i eit anna etymologisk opphav blir omgrepa «paraidrett» og «paralympisk» no sett i samanheng med «para-» i betydninga 'ved sida av, parallelt'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg