Minisatellitt er ein liten og lett satellitt med masse mellom omtrent 50–250 kg bygd ved hjelp av miniatyrisering, mikroteknologi og nye material.

Faktaboks

Uttale
mˈinisatellitt

Typiske bruksområde er jordobservasjon ved bruk av ulike typar kamera, og satellittkommunikasjon. Satellittane i Starlink-systemet (ca 260 kg) og Oneweb-satellittane (ca 150 kg) er døme på minisatellittar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg