Tanzimat er eit namn på reformene som Det osmanske riket (Tyrkia) innleia i 1839 og 1856, og på perioden 1839–1876. Reformene skulle motverke forfallstendensane i Det osmanske riket ved å omforme det til ein moderne stat.

Faktaboks

Uttale
tanzimˈat
Etymologi
tyrkisk nemning, frå eit arabisk ord som tyder ‘reformer’.

I 1839 garanterte ei fråsegn alle undersåttar, uansett tru, tryggleik for liv og eigedom. Fråsegna lova ordna innkalling til militærteneste og fastsette lengda for tenesta. Skattane vart også regulerte, og fråsegna oppheva det gamle systemet med forpakting av skatteoppkrevinga. Desse reformene vart utvida gjennom ei ny sultanfråsegn i 1856, som blant anna lova grunnlegging av bankar, vegbygging og utvikling av handelen ved hjelp av vestleg kapitalimport.

Tiltaka vart motarbeidde av godseigarane og mullahane (det muslimske presteskapet), og under sultan Abdulhamit 2 (1876–1909) vende Tyrkia tilbake til eit reaksjonært regime. Reformene skapte likevel føresetnadar for ei viss industriell utvikling, ikkje-religiøs undervisning og utdanning (etter lov i 1862), og elles oppblomstring av litteratur, vitskap og kulturliv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg