Korthalevåk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Korthalevåk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Buteo brachyurus
Beskriven av
Vieillot, 1816

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 430 gram og hofuglane rundt 580 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, mangroveskog, tropisk sumpskog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Korthalevåk lever av små varmblodige dyr som han fangar i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg. Fuglene blir kjønnsmodne etter to til tre år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

korthalevåk
Buteo brachyurus
Artsdatabanken-ID
175411

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg