Ein inkvilin er eit dyr som lever i huset, reiret eller bolet til eit anna dyr (ein vert), utan å skada verten. Inkvilinen og verten lever i eit tett samliv kalla symbiose. Vanlege døme på inkvilinar er maur som lever inne i tuene til andre maurartar og gallveps som legg egga sine i gallane til andre gallvepsartar.

Faktaboks

Uttale
inkvilˈin
Etymologi
av latin ‘leieboer’

Inkvilinisme vert oftast definert ved at verten ikkje vert skada eller negativt påverka av inkvilinen, altså at det er ei form for kommensalisme. Men nyare forsking har vist at fleire artar som er rekna som inkvilinar kanskje skadar verten likevel. Til dømes har ein observert at det hjå gallveps ofte berre er inkvilinen som overlever og kjem ut av gallen til slutt.

Ordet inkvilin vert stundom og nytta om dyr som lever inne i andre organismar utan å skada dei (i motsetning til parasittar, som skadar verten).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg