Fra plassen Torget under Åker ved Hokksund, med husmann Hans Nielsen (født cirka 1822, død april 1910) fra Lier

Husmannsvesenet var i Noreg eit system der husmenn leide små gardsbruk, husmannsplassar, mot å gjere pliktarbeid for bonden som eigde garden. Husmannsplassen var ein del av garden til bonden, og ikkje reikna som eit sjølvstendig gardsbruk. Husmannsvesenet var ein sentral del av det norske bondesamfunnet frå rundt 1600 til 1900.

Husmannsvesenet kan daterast tilbake til tidleg på på 1600-talet, der ein i fleire kyststrok finn husmenn som svarer festeavgift til grunneigar. Omfanget av husmannsvesenet auka på 1700- og 1800-talet, som svar på folkeauken. Ordninga varierte mellom landsdelane, men det mest vanlege var leige av jord og hus mot arbeidsplikt på garden og/eller kontant betaling. Talet på husmenn nådde toppen midt på 1800-tallet, da det var om lag 90 000 husmenn i landet, med eller utan jord, jamført med rundt 113 000 gardbrukarar. Husmenn med familiar var den største gruppa av eigedomslause i det gamle bondesamfunnet.

På grunn av industrialisering og utvandring til Amerika gjekk husmannsvenset attende på slutten av 1800-talet og var i hovudsak avvikla før 1930. På dei fleste husmannsplassane var det mogeleg å drive eit lite jordbruk med noen få dyr («husmenn med jord»), men det kunne og vera ei tomt med hus («husmenn utan jord»). Husmannsplassen var ikkje skyldsett eller matrikulert som ei eiga landbrukseining i eiendomsregisteret: matrikkelen. Husmannsbruket var ein del av garden og fall tilbake ved opphør av husmannskontrakten. Husa på plassen var ofte husmannens eigne, lafta tømmerhus som kunne flyttast dersom husmannsfamilien flytta. Ein viktig årsak til framveksten av husmannsvesenet i tillegg til folkeauken, var statleg lovgjeving som avgrensa retten til å dele gardane i mindre, sjølvstendige gardsbruk.

Etter omfattande debattar i Stortinget i fleire omgangar vart husmannsvesenet avvikla med den nye jordlova av 1928, der husmennene fekk rett til å løyse inn plassane sine mot betaling.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Skappel, Simen: Om husmandsvæsenet i Norge. Dets oprindelse og utvikling, Kristiania, 1922.
  • Sogner, Sølvi: «Hva betydde overgangen til selveie for endringen i den sosiale strukturen i det norske bondesamfunn på 1700-tallet?», Imsen, S. Og S. Supphellen (red.); Studier i norsk historie 1537- ca 1800, Norske historikere i utvalg (NHO) VIII, Universitetsforlaget, 1984.
  • Sprauten, Knut: «Framveksten av husmannsvesenet i lys av bygdebøker fra Trøndelags-regionen», i Heimen 2/2004.
  • Bull, Edvard d.y: Arbeiderbevegelsens historie. (Bind 1, 1850-1900). Tiden Norske Forlag.
  • Dørum, Knut: «Fikk overgangen til selveie betydning for fremveksten av husmannsvesenet ca 1660- 1850?», Historisk tidskrift 2/1995.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg