Gulgumpattila er ein stor sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Attila spadiceus
Beskriven av
(zu Wied-Neuwied, 1831)

Som vaksen veg fuglen rundt 39 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, jordbruksland, tropisk fjellskog, og tørr og fuktig savanne. Gulgumpattila er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr som han fangar i buskar og i tre.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gulgumpattila
Attila spadiceus
Artsdatabanken-ID
180354

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg