framandlegion

Artikkelstart

Framandlegion er ein styrke som i hovudsak omfattar utanlandske soldatar, som regel under leiing av offiserar frå det landet som brukar nemninga. Den spanske framandlegionen opererte til dømes tidlegare i spansk Vest-Sahara.

Faktaboks

Også kjent som

bokmål fremmedlegion

Mest kjend er den franske framandlegionen, La légion étrangère, som vart grunnlagd i 1831 med hovudkvarter i Aubagne. Rundt halvparten av soldatane er i dag franskmenn, og resten kjem frå ulike andre land. Etter den andre verdskrigen kjempa legionen i dei tidlegare franske koloniane i Indokina i 1946–1954 og i Algerie i 1954–1962. Seinare har han vore brukt aktivt av Frankrike i ulike utanlandsoperasjonar, som i Tsjad i 1980, Golfkrigen i 1991 og på Balkan frå 1999. Ei avdeling frå legionen kjempa ved Narvik i 1940.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg