Essiv er ein kasus som typisk uttrykkjer ein eigenskap eller ei rolle. Det svarer ofte til norske uttrykk med subjunksjonen som: «Han jobbar som sjukepleiar» eller «Der leika ho som barn».

Faktaboks

Uttale
ˈessiv
Etymologi

av latin esse 'vere'

Kasusen finst i fleire uralske språk, som dei samiske, dei austersjøfinske og ungarsk.

Essiv i finsk

Det finske essiv-suffikset er -na/-nä (med vokalharmonisk veksling). Det uttrykkjer ofte det same som norske uttrykk av typen som … eller i eigenskap av …. Jamfør turistina 'som turist' (essiv av turisti 'turist') i denne setninga:

  • Olen Suomessa turistina. 'Eg er i Finland som turist.'

Finsk essiv er ein gamal påstadskasus og førekjem i faste uttrykk som kotona 'heime' (essiv av koti 'heim') jouluna 'i jula' (essiv av joulu 'jul'):

  • Jouluna olin kotona. 'I jula var eg heime.'

Essiv i ungarsk

Også det ungarske essiv-suffikset -ül blir typisk brukt i uttrykk som svarer til norsk som … :

  • Emberül viselkedett. 'Ho/han oppførte seg (viselkedett) som eit menneske (emberül)'

Essiv i nordsamisk

I nordsamisk står predikativet i essiv når det uttrykkjer ein mellombels eller tidsavgrensa tilstand. Det er uttrykt med suffikset -n.

Jamfør desse to setningane, der oahpaheaddjin er essiv og oahpaheaddji er nominativ av ordet som tyder 'lærar':

  • Dál dán jagi Máret lea oahpaheaddjin. 'No i år er Marit lærar.'
  • Máret lea oahpaheaddji. 'Marit er lærar.'

I denne setninga er nuorran 'som ung' essiv av adjektivet nuorra 'ung':

  • Nuorran son lea dan juo oahppan. 'Ho/han lærte det alt som ung (i ung alder).'

Akkurat som på finsk blir essiv òg nytta i ein del faste stads- og tidsuttrykk, som desse, der guhkkin 'langt borte, langt bortanfrå' er essiv av guhkki 'lang', davvin 'nordpå, nordfrå' er essiv av davvi 'nord' og bassin 'på ein helgedag' er essiv av bassi 'helgedag':

  • Guhkkin davvin Dávggáid vuolde 'Langt mot nord under Karlsvogna'
  • Bassin ii galggaše bargat. 'På ein helgedag burde ein ikkje arbeide.'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg