Bokstaven epsilon i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Bokstaven epsilon i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Epsilon er den femte bokstaven (Ε, ε) i det greske alfabetet. Han står for ein kort e-lyd. Epsilon svarar til bokstaven e i det latinske alfabetet. I gamalgresk skreiv dei kort e med epsilon og lang e med eta.

Faktaboks

Uttale
ˈepsilon

Gresk har òg fleire bokstavsamansetjingar med epsilon. Epsilon-iota, ει, vert uttala som [i] på moderne gresk (nygresk), ikkje lenger som diftong som i gamalgresk. Epsilon-ypsilon, ευ, vert no uttala [ef] framføre ustemde lydar og i utlyd, og [ev] framføre stemde lydar.

Epsilon har verdien 5 i det greske talsystemet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg