Dverghauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 2.0

Dverghauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter minullus
Beskriven av
(Daudin, 1800)

Som vaksen er fuglen ca. 22 cm lang, hannfuglar veg rundt 81 gram og hofuglane rundt 97 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, fuktig tropisk skog, mangroveskog, tørr savanne og tørr tropisk buskmark. Dverghauk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 32 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

dverghauk
Accipiter minullus
Artsdatabanken-ID
175330

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg