Driftsbalansen overfor utlandet er summen av vare- og tenestebalansen og rente- og stønadsbalansen i eit lands utanriksrekneskap.

Faktaboks

Også kjend som
netto finansinvestering

Her er vare- og tenestebalansen definert som eksport minus import medan rente- og stønadsbalansen er dei netto finansinntektene til landet.

Dersom eit land har større innbetalingar enn utbetalingar, vil det vise seg i form av overskot på driftsbalansen. Eit overskot på driftsbalansen kan plasserast på to måtar: ved utlån eller annan kapitalutgang eller ved å auke valutareservane.

Tilsvarande må eit underskot på driftsbalansen dekkjast inn ved auka innlån eller ved å redusere valutareservane.

Noreg har i mange år sidan 1970-talet hatt store overskot på driftsbalansen overfor utlandet på grunn av store oljeinntekter.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg