diskursetikk

Artikkelstart

Diskursetikk er ei form for etikk som legg vekt på at etiske avgjerder eller handlingsnormer skal ha grunnlag i ein open og informert diskusjon, der alle involverte partar blir oppfatta som likeverdige gjennom at dei skal ha kome til orde og ha fått fremja sine synspunkt.

Faktaboks

Etymologi

frå latin diskurs 'drøfting'

Diskursetikken legg vekt på å utvikle reglar for ein samtale som sikrar konsensus, noko som inneber tilslutning frå alle involverte partar.

Omgrepet er knytt til filosofane Karl-Otto Apel og Jürgen Habermas.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg