Bringesølv i rød ull med sølv
Av .

Bringesølv er ein brei halskrage, forma som ei smekke. Den er vanlegvis av raudt ullklede fôra med strie eller anna stivt stoff og er tett pynta med sølvstas.

Faktaboks

Også kjend som
bringesylv, bringepynt, bringepønt, brudesølv, brudesølv; bringesmikke; bringetekkje

I Hardanger er bringesølv to stykker av raudt stoff i same fasong som framstykkene på livet. Dette blir pynta med sølv eller perlebroderi og brukt utanpå bruretrøya. I Åmli er bringesølv eit par rektangulære raude stoffstykker tett fylt med maljer.

Bringesølv blir òg brukt generelt om alt sølv som blir festa på bringa (skjorte, liv og trøye).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg