Brasilhokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Brasilhokko er ein middels stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Penelope superciliaris
Beskriven av
Temminck, 1815

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang og veg rundt 910 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, jordbruksland, mangroveskog, tørr savanne og tørr tropisk buskmark. Brasilhokko lever av frukt som han finn på bakken, i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 26 dagar. Fuglene blir kjønnsmodne etter to til tre år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

brasilhokko
Penelope superciliaris
Artsdatabanken-ID
174371

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg