Bet (ב) er den 2. bokstaven i det hebraiske alfabetet. Han er ein konsonant og svarar til to ulike lydar: בּ (bet) er ein stemd bilabial plosiv (IPA-lydskrift b), medan ב (vet) er ein stemd labiodental frikativ (IPA-lydskrift v). I moderne hebraisk rettskriving skil ein til vanleg ikkje mellom dei to, og både bet og vet vert skrivne ב.

Faktaboks

Også kjend som

ב

Bet svarar til den fønikiske bokstaven bēt (𐤁), som er opphavet til den greske bokstaven beta (Β, β).

Bet har verdien 2 i det hebraiske talsystemet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg